Dec
19
2009

Vidden i desember

Frå Ulriken til Fløyen

Frå Ulriken til Fløyen

Eg har lagt ut ni bilete frå min første tur over Vidden, for nokre få dagar sidan. Glimrande vêr, om enn vinden beit og snøen gjekk meg opp til knea på ein og annan stad. Sjå heile albumet her (eller trykk på biletet).

Nov
17
2009

Aftenposten rir igjen

«(…)språk skal være en friksjonsløs informasjonsbærer, ikke uttrykke språkbrukernes stemninger eller være markør for lokalkulturell tilhørighet. Som i NRKs riksdekkende nyhetsformidling.»

Per Anders Madsen, Aftenposten.no

Vi bør standardisere. Verda kan komme til å bli variert og vanskeleg. Tenk om eg kan få ein idé om kvar i Noreg nyhendeopplesaren kjem frå! Eg vil aldri kunne stole på han igjen!

Oct
27
2009

The most expensive Big Mac in the world!

Ever dreamt of eating the most expensive Big Mac in the world? Come to Norway, visit the fjords and empty your pockets eating junk food! One Big Mac costs a mere $6.15 (US: $3.57, Euro Area: $4.62).

On Iceland, though, the price of a Big Mac now is so high that McDonalds are closing all of their “restaurants” and leaving the country for good.

Sep
7
2009

Ein sunnfjordsk Job

EIN GAMLING,
av Jacob Sande

Ein kveld då dei vakte heldt samling,
på Mork hjå han Velle-Johan,
steig fram utmed døri ein gamling,
og lasta sin frelsarmann:

“For no har eg butt sør i Bukti,
i dagar og år utan tal.
Eg tente min frelsar, men frukti
eg fekk for det-der, den var skral.

Eg naut korkje hest eller krøter,
eg miste kvar sau og kvar gris,
og linor og kaggar og nøter,
gjekk under i storm og forlis. -

Snart stod eg på berraste bakken,
med kona og dotteri mi,
og fillut var broka og stakken
me løynde vår blussel uti.

Men kona mi, Elen Johanne,
fekk tæring, og vandra sin kos,
og dotter mi, stakkars Susanne,
kom ut for ein svensk matros.

Då spurde eg Herren um grunnen,
kvifor at han sende meg slikt, -
men Meisteren slo meg på munnen,
og braut meg til jordi med gikt.

Men no står eg fram her i stova,
med handi på Guds sakrament,
og bannar meg laus alt eg lova,
den Gud eg til no har tent!”

Då vart det eit bråk og ei ramling
på alle dei bisnande brør.
Dei skreik mot den syndige gamling,
og dreiv honom brennfort på dør. -

Og knapt var han utanfor gåtti,
so stengde dei dørene vel,
og trygla til langt frampå notti
til Gud for hans syndige sjel.

Aug
30
2009

Fagre foto av Elin og Kurt

Kurt framfor Frimurarlosjen 2

I serien flotte bilete frå Island og Færøyane presenterast no det menneskelege aspektet. Bilete av meg og Elin.

Trykk på biletet eller trykk her for å sjå heile albumet

Aug
30
2009

Spelet mellom kjønna

Det er både morosamt og urovekkande å merke seg kor forskjellig ein kan vere frå folk rundt seg. Ein person eg kjenner ser det som sin rett å organisere andre menneske. Eit døme på dette var måten ho inviterte meg på dans ein sein nattetime for ei kort stund sidan.

Eg er sikker på at ho meinte det både litt ironisk og godt når ho kom bort til bordet der eg sat saman med ei lang rekke kjentfolk og spurte Elin om ho kunne få “låne meg litt.” På det her tidspunktet sat eg ikkje ein gong saman med Elin, og eg var midt i ein samtale med nokon andre.

Når Elin først ikkje høyrte kva ho sa, laut ho repetere førespurnaden, og på det her tidspunket merkar eg at det blir snakka om mine framtidsplanar utan at eg er med. Eg kan faktisk ikkje anna enn å innrømme at reaksjonen min var rein indignasjon – eg ville so visst ikkje danse. Eg reagerte nærast instinktivt på kjensla av å verte forhandla om – som om eg ikkje var ein verdig part i forhandlingane. Ein fullstendig bagatell – med eit overraskande spekter av kjenslereaksjonar.

Elin svarar, som rett er, at det må ho nesten spørre Kurt om. Denne oppmodinga blir, trass sitt openbare og tydelege meiningsinnhald, omdefinert i denne kvinna sitt hovud, til å tyde “ja, det kan du.” Ho tek med det tak i handa mi og dreg meg resolutt av garde, medan eg seier “nei, nei, nei..”

Denne siste kraftsalva er nok eit uttrykk som får kraftig endra meiningsinnhaldet sitt i det her kvinnehovudet, der menn sitt sjølvsagt negative forhold til dansing truleg er ein del av det store Spelet mellom kjønna, ei morosam markering av posisjon.

Ville eg ikkje danse, kunne eg lett gjort motstand. Ønskte eg å markere min eigenart som individ, kunne eg fint å ha buldra ho opp i andletet, men kvifor skulle eg ønske å gjer noko slikt? Det ville ha potensielt veldig sterke sosiale reaksjonar. I staden vart eg ståande som ein litt motvilleg potetsekk på eit halvtomt dansegulv, der eg innsåg at denne kvinna hadde drege meg vekk frå samtalepartneren min fordi ho hadde ei anna veninne som ho tykte burde danse – og eg var den tiltenkte dansepartneren.

Veninna hennar vart sittande. Like greitt.

Aug
27
2009

Små nasjonar i Norden

Det er Island i blått, kvitt og raudt!

Det andre albumet frå turen til Island og Færøyane er ute. Her er det bilete frå nasjonaldagsfeiringa på både Island (17. juni, frigjeringa frå Danmark) og på Færøyane (28. juli, Olavsøka, noko so sært som ei protestantisk feiring av St. Olav, kongen som kristna Noreg). Her fins bunadar og superheltar i massevis!

PS: Nokre av bileta er òg frå den internasjonale rockefestivalen G! på Færøyane.

Aug
27
2009

Tonsillectomi, trallala!

Eg blir plassert i ei seng, og ein mann kjem bort til meg med ei oksygenmaske og ber meg puste djupt inn og ut medan den andre sjukepleiaren set ei kanyle i venstrehanda mi. Dei set meg på drypp, og fortel meg at eg kjem til å kjenne meg noko svimmel om eit halvt minutts tid. Mannen ber meg seie i frå når eg merkar noko til dèt fenomenet.

“Sånn omtrent no burde det slå inn, skulle eg tru,” seier mannen akkurat i det beina mine prikkar og eg byrjar å svimle. “Ja, det gjer det,” kan eg ikkje anna enn å innrømme. Det er tydelegvis koden for at dei skal kople eitt eller anna stoff på kanylen, og “no kan det komme til å svi pittelitt i armen din.”

Ei svie ville eg ikkje definert det som, for armen set i ein verk. Ein skikkeleg verk som forsvinn fullstendig ut i ei mørknande verd der eg heilt ubønnhøyrleg sovnar inn. Inga kjensle av svevande armar, ingen flygande framandelement, slik eg tidlegare har høyrt det skildra.

Eg sovnar – og vaknar etter eit minutts tid med ein vond halsbetennelse. Eg høyrer “oi, der er du,” og er ganske omtåka etter den kjappe luren, so eg set stor pris på effekten av den surstoffslangen som blir lagt heilt opptil kjaken min. Han bles meg rett i andletet gjennom eit utskore, oppned sjukehus-plastkrus, og gjer meg openbart frisk og “opplagt” nesten med ein gong. Dei fortel meg at operasjonen har gått heilt bra og har teke om lag ein times tid.

So bêr det heim til hybelen og ei innandørs “karanteneveke” med sterke smertestillande medisinar og anna humor. Det er slettes ikkje so ille, det her. Berre eg får lese litt pensumlitteratur når eg først er i gang.

Aug
26
2009

Gudebilete frå Island og Færøyane

Vesturkirkja, Torshavn

Eg har no lagt ut dei første bileta frå Islandsturen. Det vart eit album med ganske religiøse overtonar. Ovanfor ser du Vesturkirkja i Torshavn (Færøyane), og trykker du på kyrkja skal du bli vidaresendt til albumet. Dersom du ikkje ser biletet av kyrkja, kan du komme til albumet ved å trykke her.

May
8
2009

EU-borgarar får asyl i Canada

I 2008 søkte 861 tsjekkarar om asyl i Canada, 84 fekk innvilga - fleirtalet roma-folk. I første kvartal av 2009 har det trappa seg kraftig opp, og tala syner heile 653 søknader om asyl!

“Mannen våkner og oppdager at huset står i flammer. Han vekker gutten, og de løper ut gjennom bakdøren. Men de kommer ikke lenger enn et par meter. For med automatgeværene sine peprer de maskerte mennene mannens og guttens rygg med kuler.”
- Gabi Gleichmann -

Anna Polakova, leiaren for ein romani-språkleg radiokanal i Praha hevdar at det ikkje er dei fattigaste som reiser ut. Det er mellomklassen som reiser ut i frustrasjon over livssituasjonen sin. “Despite all the talk, the fascists are walking down the street,” seier ho i følgje the Economist av 2. mai. Sjølv vurderte ho utreise etter at hennar eigen son vart banka opp av ein gjeng av desse fascistane.

Den ekstreme høgresida marsjerar i Europa
I heile Sentraleuropa opplever ein ei kraftig auke i populariteten til høgreradikale grupper. I ein kronikk i Aftenposten tidlegare i veka skreiv Gabi Gleichmann om veksten til den paramilitære fascistrørsla Magyar Gárda.

Gleichmann kan vise til fleire episodar av brutale drap av vaksne og barn på reint rasistisk grunnlag. I all hovudsak er det romfolk som er offer for aggresjonen, sjølv om organisasjonen nyttar mykje energi på å fortelle omverda at det er jødane som er opphavet til det meste som er vondt og ille.

Lovande framtid for Den europeiske unionen
Den demokratiske tradisjonen sitt langt i frå djupt i Sentraleuropa, og den liberale tradisjonen er vel noko som kjem utanfrå?

“Roma are suffering in many other countries in the region. Hungary has witnessed a spate of especially nasty murders. But the rich, well-governed Czech Republic, which holds the European Union’s rotating presidency, can surely do better.”
- the Economist -